Vide er vegane

av Jan-Magnus Bruheim

4B2A0489.jpg

Vide er markene
der livet mognar
og grøde blir skjer.Vid er himmelen over oss,
romsleg vår verd.

Ned til det minste frø,
ut til den ytste stjerne
når våre tankar
som strålane frå
ei kjerne av ljos.

Grensone går
så langt våre tankar når.
Leitarar er vi.
Granskar i endelause
himmelrømder,
loddar på djupe hav.
Alt vil vi femne.
Så romsleg er sinnet,
så vidfemnd tanken.
Der skapest livet
– og går i grav.

Der fødest klotone,
der stridest maktene,
der leikar skugge og ljos.
Der er du mektig,der er du makteslaus.
Der er det upphav og ós.

Veldig er menneska.
Vesal er ho.

Verdi er stor og romsleg,
verdi er trong og liti.
Rik som vårt sinn
og fatig som det.
Det er der ho blir bori,
og du som ber ho.

Vi kan ikkje styre
klotebanor,
men leide oss sjølve
på vidsyns vegar.

Vidsyns veg
er vegen til visdom.
Inn til deg sjølv går vegen.
Ut frå deg sjølv.
– – –
Vide er vegane –

Veldige skogarsusar i natti.
Hav går i dønning
mot ukjend strand.Uendeleg er skogane
fjellviddene
havet,
der vi kan gå
på uppdagingsferd.

Uendeleg vår drift
til liv og død.

Uendeleg vår vilje
til vondt og godt.

Uendeleg våre vegar
til vinning og tap.

Uendeleg vår undring

Tyd dine tankar i myrkret,
tyd dei i ljoset.

Det er tidi som syner sitt andlet
i skugge og sol.

Legg handi
på den uroleg hastande puls.
Det er ditt eige
hjarte som slår.

Det kviskrar i tidi.
Det ropar med dynjande røyst:

Vår dag er liden
og vår tid er all,
um ikkje vi kan makte vera
eit vake vern for ånd,
ei vakt mot vald!

Vi går i tidi.
Skapar tid.
Er tid.

Vide er vegane –

Berande på
vår andsvars tyngd,
vidare går vår vandring.

 Kilde: Vide er vegane, Aschehoug (1960)